Salmer til 1. søndag i fastetida


Her kjem salmer etterkvart til 1. søndag i fastetida

Gudstenesteordning for kyrkjene i Bygland frå 2020.

I. SAMLING.

Klokkeringing.

Preludium / forspill til salme / Eventuelt dåpsprosesjon.

Inngangssalme

Samlingsbøn. Gode Gud, du som gjev liv til alt som lever, vi prisar deg for alt det vakre på vår jord, og for alt som lèt oss kjenna at du er god. Her for ditt andlet bed vi: Gjev oss lyttande øyre, takksame hjarte og tenande hender, så vi kan høyra ordet ditt, lovprisa deg for di miskunn, og i ord og gjerning vitna om dine storverk. Gud, vi bed. Amen.

Nåde være med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

Syndsvedkjenninga. Lat oss bøya oss for Gud og sanna syndene våre. Heilage Gud, himmelske Far, sjå i nåde til meg, syndige menneske, som har såra deg med tankar, ord og gjerningar og kjenner den vonde hug i hjarta mitt. For Jesu Kristi skuld, ha tol med meg. Tilgjev meg alle mine synder, og gjev at eg må ottast og elska einaste deg.

Så høg som himmelen er over jorda, så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han. Så langt som aust er frå vest, tek han syndene våre bort frå oss. Sal 103,11-12

Bønerop. Kyrie eleison, Gud Fader, miskunna oss. Kriste eleison, Herre Krist, miskunna oss. Kyrie eleison, Heilag Ande, miskunna oss.

Lovsong. Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i. Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg. Amen.

Dåp følgjer eventuelt her. Eigen liturgi. Ei salme og Forsakinga og trua kjem her ved dåp.

Dagens bøn

II. ORDET

 Seier: Lat oss høyra Herrens ord.

Første lesinga (kyrkjelyden sit). 

1 Mannen var saman med Eva, kvinna si. Ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har bore fram ein mann ved Herrens hjelp.» 2 Sidan fødde ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjetar, Kain vart jorddyrkar.
    3 Då det hadde gått ei tid, hende det at Kain bar fram eit offer for Herren av grøda på åkeren. 4 Abel òg bar fram eit offer, av dei førstefødde dyra frå småfeet og av feittet på dei. Herren såg med velvilje på Abel og offeret hans, 5 men på Kain og hans offer såg han ikkje med velvilje. Då vart Kain brennande harm og såg ned.
    6 Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor ser du ned? 7 Dersom du vil gjera det gode, kan du sjå opp, men om du ikkje vil det gode, ligg synda klar ved døra. Ho ønskjer makt over deg, men du skal herska over henne.»
   

1 Mos 4,1-7

Salme 

Andre lesinga (kyrkjelyden sit).

10 Og de må ikkje vera misnøgde og murra, slik nokre av dei murra og vart drepne av øydeleggjaren. 11 Det som hende med dei, skulle vera til åtvaring. Det er skrive ned til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne. 12 Difor må den som trur at han står, passa på at han ikkje fell. 13 De har ikkje møtt andre freistingar enn slike som høyrer menneskelivet til. Og Gud er trufast, han skal ikkje la dykk bli freista over evne. Nei, midt i freistinga vil han òg visa ein utveg, så de kan halda ut.
   

1 Kor 10,10-13

Salme

Evangelium

Halleluja Syng Frå Norsk Salmebok 2011: 977,5. Hallelujaomkvede

Evangelielesing: Det står skrive i evangeliet etter…

21 Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp. 22 Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» 23 Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

Matt 16,21-23

Lesinga sluttar med: Slik lyder det heilage evangeliet.

Hallelujaomkvedet blir teke oppatt.

Preike.

Truvedkjenninga. Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus vart krossfest, døydde og vart gravlagd fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Salme

Kunngjeringar

Forbøn Der det ikkje er medliturg les presten heile bøna.Vend mot kyrkjelyden: Lat oss vende oss til Gud i bøn! Allmektige, evige Gud, vi takkar deg og prisar ditt heilage namn, for du er god og di miskunn tek aldri slutt. P | Vend mot altaret: Lat oss be for folk og nasjonar i verda. ML| Kjære himmelske Far! Vi ber særskild for flyktningar og krigsofre, for dei som lir urett og som er undertrykte rundt omkring i verda. Lat alle folk og nasjonar leve saman i fred og tryggleik. (Aktuelle bønetema kan takast med). P | Lat oss be for vårt eige land og folk. ML| Kjære himmelske Far! Vi ber for dei som er sjuke og einsame, for sørgjande, for arbeidslause og heimlause, for dei som sit i fengsel. Vi ber òg for alle dei som nyleg er komne til landet vårt. Hjelp oss å ta godt imot dei, og lat dei kjenna seg velkomne her i Noreg. (Aktuelle bønetema kan takast med). P | Lat oss be for den verdsvide kyrkja og kyrkja i vårt eige land. ML| Kjære himmelske Far! Vi ber særskild for misjonsprosjektet vårt i Kambodsja. Må du gje alle born og unge høve til å gå på skule og få seg utdanning. Må du gje eining mellom alle truande. Styrk forkynnarar og misjonærar rundt omkring i verda, og gje dei styrke og glede i arbeidet. Velsign særskild alle dei som vert forfylgde på grunn av si tru. (Aktuelle bønetema kan takast med). P | Lat oss be for vår eigen kyrkjelyd, familiane våre og staden der vi bur. ML| Kjære himmelske Far! Vi ber for gudstenestelivet, for diakoniarbeidet og for trusopplæringa vår. Gje oss alle mot og vilje til å tene deg. Så ber vi for dei som er eldre og for personar med nedsett funksjonsevne. Velsign dei som har sin bustad på Byglandsheimen. Vi ber òg for alle frivillige medarbeidarar i kyrkje og bedehus. Gje oss alle styrke og visdom til å gjere ei god gjerning i ditt rikes vingard. Lat oss kjenne at vi står saman i Guds rikes arbeid. Vi bed for heimane. Lat heimen vere ein god og trygg plass for alle. Lat Bygland vere ein god kommune å bu i og virke i for oss alle. Be eventuelt for offerformålet. (Aktuelle bønetema kan takast med). Gje oss alle av din fred. Det bed vi deg om vår Gud og Far.

Bønesalme. Frå salmer 1997, Nr. 161: Å Gud, høyr vår bøn, å Gud, høyr vår bøn. Når vi bed, gjev oss svar. Å Gud, høyr vår bøn, å Gud, høyr vår bøn. Kom og ver du oss nær.

Takkoffer (organisten spiller). Under ofringa kan det framførast høveleg instrumental- eller vokalmusikk. Takkofferet kan samlast inn i kyrkjebenkene eller ved at ein går rundt altaret.

Takkebøn: P| Velsigna er du, Gud. Di er jorda og alt som fyller henne. Av ditt eige gjev vi deg attende. Sameina di kyrkje av alle folkeslag og tungemål. Liksom kornet har vorte eitt i brødet og druene i vinen, så gjer oss til eitt med kvarandre og med Herren Jesus Kristus. Ta imot oss og gåvene våre i Jesu namn. Amen.

Salme III.

NATTVERD.

P| Herren vere med dykk. A| Og med deg vere Herren. P| Lyft dykkar hjarte. A| Vi lyfter våre hjarte til Herren. P| Lat oss takka Herren vår Gud. A| Det er verdig og rett. P|

I sanning verdig og rett er det … (Varierer med kyrkjeåret)

A| Syng: Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. All jorda er full av din herlegdom. Hosianna i det høgste. Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste.

P| Vi prisar deg, heilage Gud, himmelens og jordas skapar, du som har elska verda og gitt oss son din, Jesus Kristus, for at han skulle frelsa oss frå synd og død og vinna deg eit heilagt folk. Vi ber deg: Send din ande over oss og gåvene dine, så vi i tru kan ta imot Jesus Kristus i brødet og vinen

P| Vår Herre Jesus Kristus i den natta då han vart sviken – då tok han eit brød, takka braut det, gav læresveinane og sa: Ta dette og et det. Dette er min lekam som gis for dykk. Gjer dette til minne om meg. Likeeins tok han kalken etter måltidet. Takka, gav dei og sa: Drikk alle av han. Denne kalk er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk så syndene blir tilgjevne. Gjer dette så ofte som de drikk av han til minne om meg.

P| Mysteriet i trua er stort.

A| Kristus døydde. Kristus sto opp. Kristus skal koma att. Han vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden.

P| Nådige Gud, vi feirer dette måltidet med glede og takk for din sons fullbragte offer. I trua på hans sigerrike oppstode og himmelfart og i forventning om hans gjenkomst i herlegdom. Vi ber deg: Fyll oss med din kjærleik, så vi kan kjenne Kristus igjen i den som sulter og tørstar. Lær oss å elska kvarandre som du har elska oss, og la oss ei gong samlast hos deg i ditt fullende rike.

Fader vår. A| Vår Far i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

P| Guds fred vere med dykk. A| Guds fred vere med deg.

P| Brødet som vi bryt, gjev oss del i Kristi kropp. Vinen som vi drikk, gjev oss del i Kristi blod.

A| :|Du Guds Lam, som ber all verdsens synder, miskunna deg over oss. :| Du Guds Lam, som ber all verdsens synder, gjev oss din fred.

P| Kom, for alt er gjort ferdig.

P| Utdelingsorda: Dette er Jesu lekam. Dette er Jesu blod. Under utdelinga kan ein syngja ein eller fleire salmar, eller det kan vera korsong eller annan høveleg musikk.

Etter utdelinga: P | Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har no gjeve oss sin kropp og sitt blod som han gav til soning for alle våre synder. Han styrkje oss og halde oss oppe i ei sann tru til det evige livet. Fred vere med dykk.

P| Lat oss takke og be! Himmelske Far, takk for dine velsigna gåver. Vi bed at du ved desse gåvene vil halda oss fast i trua på deg, sameina oss i din kjærleik og stadfesta i oss vona om det evige livet, for Jesu Kristi skuld. Amen.

IV. SENDING

Salme

VELSIGNINGA. P| Lat oss prisa Herren! A| Gud vere lova! Halleluja, Halleluja, Halleluja! P| Herren velsigne deg og vare seg. Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. + '

A| Amen (3x)

3x3 bøneslag

Postludium

Sending

P| Gå i fred. Ten Herren med glede.

Tilbake