Tysdag 13. august kl. 19.00 blir det nytt møte i Bygland kyrkjelege fellesråd og Bygland og Årdal sokneråd.
Til medlemmene i Bygland kyrkjelege fellesråd og Bygland og Årdal sokneråd.
MØTEINNKALLING TYSDAG 13.AUGUST KL.19.00
Det vert herved innkalt til nytt møte i Bygland kyrkjelege fellesråd og Bygland og Årdal sokneråd.
Møtet vert halde tysdag 13.08.2024 kl.19.00 på Kyrkjekontorets møterom.
Om nokon vert forhindra frå å møta, ver grei å seie frå snarast til underteikna på
tlf. 982 99711, eller mail: kbnilsen@hotmail.com
SAKER TIL HANDSAMING:
- Sak 20/24 Tilbod på nytt elektrisk anlegg Austad kyrkje Tveit – Fellesrådssak
- Sak 21/24 Strategi for auka gudstenesteoppslutning - Soknerådssak
- Sak 22/24 Orienteringssaker - Soknerådssaker
Bygland kyrkekontor, 30.07.2024
Olav Nilsen
Kyrkeverje
Sak 20/24 Tilbod på nytt elektrisk anlegg Austad kyrkje Tveit – Fellesrådssak
Det vart gjort følgjande samrøystes vedtak i sak 16/24:
Det vert innhenta tilbod frå 5 leverandørar på nytt elektrisk anlegg i Austad kyrkje Tveit, med oppvarming i form av benkevarmarar.
Dette i høve til løysingsforslag frå Evje Elektriske, framlagt som eige vedlegg i sak 15/24.
I tilbodsforespurnaden vert det teke atterhald om naudsynt kommunal finansiering.
Ein legg og ved tilbodet frå Torgeir Besteland om dugnadsinnsats i samband med installasjon av nytt elektrisk anlegg, og ber leverandørane ta kontakt med han for nærare avtale og spesifikasjon av dette.
Dei som vart forespurd var:
- Evje Elektriske
- EVTEK
- Knut Hovet Installasjoner AS
- Elektromesteren AS
- AVS Elektro
I samband med tilbodsforespørselen skreiv ein dette:
"Videre har det kommet tilbud om frivillig dugnadsinnsats fra Torgeir Besteland.
Han kan nås på telefon 951 41790 eller mail: torgeir.besteland@aenergi.no
Han skriver følgende i sin mail av 19.03.2024:
Eg har klart å same 3-4 elektrokyndige fagfolk, pluss nokre andre, som kan bidra med ein ikkje ubetydeleg dugnadsinnsats. Som fagmann veit eg det er lover og regler rundt arbeid på elektriske anlegg, men fråkobla og sikra er mykje tillatt. Det eg tenkjer me kan bidra med er riving av alt gamalt utstyr og kablar, montering av nye elektriske ovner, kabeltrekking m.m.
Arbeidet må utførast i tett samarbeid med installatør som står ansvarleg og som ein del av den totale rehabliteringa.
Vi ønsker å benytte oss av denne frivillige dugnadsinnsats om mulig, og vil gjerne ha forslag på hvordan dette kan løses, og hvilken priskonsekvens det vil få.
I utgangspunktet ser vi for oss å benytte tilbud med laveste pris når dugnadsinnsats er medberegnet"
Ved fristens utløp var det kome inn 2 tilbod, eitt frå Evje Elektriske og eitt frå EVTEK.
Av desse har Evje Elektriske samla sett det beste tilbodet.
Tilbodet frå EVTEK er på kr.849.300,-
Dei har berekna eit fratrekk på kr.120.000,- for berekna dugnadsinnsats.
Det utgjer ein nettokostnad på kr.729.300,- + mva.
Tilbodet frå Evje Elektriske er på kr.692.500,-
Dei har berekna eit fråtrekk på kr.70.000,- for berekna dugnadsinnsats.
Det utgjer ein nettokostnad på kr. 622.500,- + mva
FRAMLEGG TIL VEDTAK:
Tilbodet frå Evje Elektriske på kr.692.500,- vert akseptert.
Til fradrag kjem dugnagsinnsats estimert til ein verdi av kr.70.000,-
Nærare detaljar rundt dette vert avklart i eige møte, der og kyrkjeverja deltek.
Saka vert så sendt over til Bygland kommune med søknad om dekning av investeringa, samt ei auke på kr.50.000,- i årleg driftstilskot for å kunne gjenåpne Austad kyrkje Tveit til vanleg drift.
Sak 21/24 Strategi for auka gudstenesteoppslutning - Soknerådssak
I sak 17/24 vart det fatta følgjande samrøystes vedtak:
Ein set av tid til vidare drøfting av dette i neste soknerådsmøte tysdag 13.august.
Saka vert lagt fram for vidare drøfting.