Bygland og Åseral sokn arrangerar vandretur frå Bygland til Åseral sundag 18. august. Turen går etter Normannsvegen, ein gamal ferdselsveg mellom Åseral og Setesdal.
På kyrkjeveg frå Bygland til Åseral – sundag 18. august
Bygland og Åseral sokn arrangerar vandretur frå Bygland til Åseral sundag 18. august. Turen går etter Normannsvegen, ein gamal ferdselsveg mellom Åseral og Setesdal. Den blei og brukt av prest og dækne i den tida Morstøyl sokn var anneks under Åseral.
Samordna transport frå Åknes kapell til Bygland kyrkje, avreise kl. 07:45.
Felles busstransport frå Bygland kyrkje til Skomedalsheia, avreise kl. 09:00.
På Skomedalsheia startar vandringa kl. 10:00. Det er ein krevjande tur i ulendt terreng. Deltakarane må ha gode turklede og fjellsko. Ha med niste, kopp og eventuelt drikke.
Det er omlag 12 km frå Skomedalsheia til Espelid og ein reknar med å bruka 7 – 8 timar på turen.
Kultur og naturlosar: Kari Røynlid og Olav Grendstad.
Framme i Espelid vert det busstransport til Åknes kapell.
Kl. 18:00: Mat på Kyrkjeodden, ertesuppe og rundstykker, kaffi og kaker.
Kl. 19:00: Fellesgudsteneste i Åknes kapell.
Påmelding på SMS til Olav Nilsen tlf. 982 99 711 eller til Arna Berg tlf. 905 00 467.
Talet på deltakarar er avgrensa, så meld deg på snarast mogeleg.
Pris pr. deltakar kr. 250,- for dekking av transport og mat på Kyrkjeodden.
Deltakaravgifta kan sendast på VIPPS til 545689 Bygland og Årdal sokn.
Påmeldingsfrist: Torsdag 8.august.
Alle er hjarteleg velkomne til Fellesgudstenesta i Åknes kapell.
Arrangør: Bygland og Årdal sokn og Åseral sokn i samarbeid med Lognavatn Vel.
Bilete: Olav Grendstad