Velkomen til friluftsgudsteneste med dåp ved Hovatn i Åraksbø - sundag 24. mars kl. 12.00
Velkomen til friluftsgudsteneste med dåp ved Hovatn i Åraksbø
Sundag 24. mars kl. 12.00 ved Hovassdammen.
Informasjon om gudstenesta:
Ein kan gå til fots eller på ski frå Haugetveit opp til dammen.
Ta med noko å sitte på.
Etter gudstenesta vert bålpanne tend,
og dei som ønskjer det, kan ta med grillmat.
I gudstenesta blir det takkoffer til Åpne dører.
Prest: Kjell Steinbru. Organist: Hansjürgen Wiehe
Scooterløyve er også innhenta.
Desse trasear kan nyttast:
1. Frå Haugetveit fylgjer ein skogsbilvegen opp til Hovassdammen.
2. Frå Austad fylgjer ein skogsbilvegen inn til Hovatn, deretter køyrer ein over, eller rundt Hovatn til Hovassdammen dersom isen er utrygg.
Det må takast omsyn til viltet under transporten. Det er ein føresetnad at ein nyttar så få skuterar som mogleg, at skuterane køyrer mest mogleg samla, og at dei eksisterande skuterløypene vert nytta til transporten.
Ved dårleg vêr blir gudstenesta flytta til Sandnes kyrkje i Åraskbø. Følg med på Bygland kyrkjelyd sin Facebooksie: https://www.facebook.com/Byglandskyrkjene/