Konfirmantene i Bygland støtter fasteaksjonen 2024 med ei stor pengeinnsamling tysdag 19. mars.
HÅP I EIN DROPE VATN
Nesten 800 millionar menneske lever utan tilgang til reint vatn i verda i dag pga. jordskjelv, tørke, flaum, krig eller konflikt. Kirkens Nødhjelp jobbar med akutt bistand i katastrofar og med langsiktige prosjekt for å redusera nød og fattigdom i verda.
Kirkens nødhjelp arbeider for fred og rettferd, og for å redda liv.
I fasteaksjonen samlar me inn pengar til dette livsviktige arbeidet, med særleg fokus på tilgang til reint vatn og dei enorme ringverknadene dette har for eit menneske.
Aksjonsdagen i år er 19. mars 2024
Bøsseberarane går rundt i Bygland kommune tysdag 19. mars frå kl. 17.00.
Det er årets konfirmantar pluss hjelparar som dekker heile Bygland. Ta vel imot dei.
Du kan óg gi eit bidrag digitalt, men digitale gåver går berre til aksjonen sentralt. Kontantbeløp kjem inn i Bygland sin aksjonskonto.
- Vipps: 2426
- SMS: VANN til 2426 (300kr)
- Fasteaksjonskonto: 1594 22 87493
Tusen takk at du er med på årets fasteaksjon! 😊