Det er ledig 50 prosent stilling som prostidiakon i Øvre Otredal - sokna Bygland og Årdal, Valle og Hylestad og Bykle
LEDIG STILLING SOM PROSTIDIAKON
Det er ledig 50 prosent stilling som prostidiakon i Øvre Otredal - sokna Bygland og Årdal, Valle og Hylestad og Bykle - frå og med 1.august 2024.
Arbeidsoppgåvene: Diakoni er kyrkjas omsorgsteneste. Prostidiakonen er ein ressurs i det diakonale arbeidet i kyrkjelydane - i nært samarbeid med lokale prestar, lokale diakoniutval og friviljuge medarbeidarar.
Oppgåvene vil vere å tilrettelegge og sjølv delta i det diakonale arbeidet gjennom samtaler, heimebesøk, andaktar/besøk på sjukeheimane og andre institusjoner, temakvelder, sorgarbeid og sorggrupper m..m.
I Øvre Otredal er prostidiakonen formelt tilsett i Bygland kyrkjelege fellesråd, men fordeler sine arbeidsoppgåver likt mellom dei tre sokna/kommunane. Kyrkeverja i Bygland er sekretær og sakshandsamar for styret i prostidiakonisamarbeidet.
Kvalfikasjonskrav:
- Utdanning og kvalifikasjoner etter Tenesteordning for diakoner, fastsett i Kyrkjemøtet.
- Andre med relevant utdanning og erfaring frå diakonalt arbeid kan og søke.
- Personleg eigenskapar og evne til å arbeide sjølvstendig vil bli tillagt vekt
Søkarane må vera medlem av Den norske kyrkja. Vidare må ein ha førarkort og disponere bil.
Vedkomande må vera førebudd på mykje køyring og lange distansar.
Løn etter avtale. Pensjonsordning.
For nærare informasjon, kontakt kyrkjeverje Olav Nilsen på telefon 982 99711 eller mail: kbnilsen@hotmail.com
eller styreleiar Aud Standal Skagestad på telefon 900 70995 eller mail: aud.standal.skagestad@gmail.com
Søknad med CV vert å sende kyrkjeverja i Bygland på mail: kbnilsen@hotmail.com
innan 20.03.2024