Stenging av Austad kyrkje på Tveit.


Velkommen til folkemøte om stenging av Austad kyrkje. 

Det elektriske anlegget i Austad kyrkje er veldig gammalt. Etter ein inspeksjon utførd av elektrikar vart konklusjonen at brannfaren er stor ved bruk av dette anlegget. Kostnaden ved oppgradering av anlegget er stipulert til om lag ein halv million kroner. Dette er mykje pengar, og det er pengar som  soknerådet ikkje har, og som heller ikkje kommunen har kunna avsette pengar til. Soknerådet har difor kome fram til at ein ikkje har anna val enn å stenge kyrkja. Dette var inga lett avgjerd, men ein såg inga anna utveg. Men soknerådet ønskjer å informere om konsekvensane av dette vedtaket og høyre på kva folket i Bygland meiner om dette. Difor vert det skipa til eit folkemøte om dette i Ose grendehus tysdag 7. mars klokka 18.00.

Setesdølen har skrive ein artikkel om dette (krev innlogging). 

 

Tilbake