Malin Hegenscheidt har jobba som trusopplærar i Bygland ei stund no. No vil ho også ta til med å legge ut artiklar og stoff på kyrkjelyden si heimeside.
Det blåser godt i dag, og ikkje så veldig varmt heller. Men no har vi vorte einige om at gudstenesta blir ute på Austadneset som planlagd. Velkomen!