4. søndag i påsketida


4. søndag i påsketida.Tekst. Kort preken av sokneprest Kjell Steinbru. Arkiv

 

Evangelietekst

Joh 13, 30-35

30 Med det same Judas hadde fått biten, gjekk han ut. Det var natt. 31 Då han hadde gått, sa Jesus: «No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han! 33 Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

1 tekstlesing

Jes 43, 16-21

16 Så seier Herren,
          han som gjorde veg gjennom sjøen,
          ein stig i det veldige vatnet,
          
    17 som førte vogner og hestar,
          hær og hovdingar uti.
          Der vart dei liggjande og reiste seg aldri,
          dei slokna som når ein veike blir sløkt.
          
    18 De skal ikkje minnast dei første ting,
          ikkje tenkja på det som hende før.
          
    19 Sjå, eg gjer noko nytt.
          No spirer det fram.
          Merkar de det ikkje?
          Ja, eg legg veg i ørkenen,
          elvar i øydemarka.
          
    20 Ville dyr skal æra meg,
          sjakalar og strutsar.
          For eg gjev vatn i ørkenen
          og elvar i øydemarka
          så mitt utvalde folk kan få drikka.
          
    21 Mitt folk, som eg har forma,
          skal forkynna min pris.

2 tekstlesing

Op 2, 1-7

1 
    Skriv til engelen for forsamlinga i Efesos:
        Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-lysestakane: 2 Eg veit om gjerningane dine: Du har streva, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er løgnarar. 3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje trøytna.
    4 Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall. Vend om og gjer dei gjerningane du gjorde før! Elles kjem eg til deg og tek lysestaken din bort – om du ikkje vender om. 6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane til nikolaittane, slik eg sjølv gjer.
    7 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

Tilbake